Det nye mediehatet

Gikk du glipp av vårt seminar om populisme og medieforakt? Hør debatten i opptak.

Debatt på Litteraturhuset i Oslo 6. desember 2016.

I Tyskland roper aktivistar «løgnpresse» når dei demonstrerer mot Angela Merkels flyktningpolitikk. I USA blir redaktøren for den konspiratoriske nettavisa Breitbart ein av presidentens næraste rådgjevarar. I Storbritannia stemte folket nei til EU - trass i alle advarslar og prediksjonar frå massemedia.

Dei populistiske rørslene i Vesten samlast alle om ein ting: hatet mot det dei kallar «mainstream media». Korleis hamna me her? Har tradisjonelle medier seg sjølv å takka? Har dei mista oversikta over viktige strøymingar i folket? Korleis kan me halda på ein sannferdig og faktabasert journalistikk?

Debatten er arrangert av Internasjonal Reporter (IR), ein frittståande organisasjon som arbeider for å fremja kvalitet i norsk utanriksjournalistikk.

I panelet:

  • Jan Sjunnesson, medarbeidar i den kontroversielle svenske nettavisa Avpixlat. Han har tidlegare vore redaktør for nettavisa til partiet Sverigedemokraterna.

  • Inger Merete Hobbelstad, kommentator i Dagbladet.

  • John Færseth, forfattar og ekspert på konspirasjonsteoriar.

  • Gard L. Michalsen, redaktør for Medier24.

  • Ordstyrar er Kristin Skare Orgeret.

Forrige
Forrige

IR-prisen 2017: Anders Sømme Hammer

Neste
Neste

IR-prisen 2016: Våtdraktmysteriet